Kaldhol, Marit: Søkeord: Ayotzintli

Marit Kaldhol :
Søkeord: Ayotzintli

Korleis gå vidare etter at det verste har skjedd?

I denne punktromanen tek ein ung gut livet sitt, men romanen handlar mest av alt om kvifor livet er verdt å leve.

Om nettene sit Mikke ved pc-en. Mamma og Idar reiser på ferie til Chile. Kompisane er i gang med russefeiringa. Siri sender tekstmelding, men Mikke svarer ikkje. Han les om små skjelpadder som driv tilfeldig omkring i havet. Nokre klarer seg, andre ikkje.

06.05 kl. 03.10

umuleg å sove, umuleg å vere vaken
tida i kroppen stemmer ikkje med tida der ute
gjekk ikkje på skolen i dag heller
ingen ringer, ingen legg merke til at eg ikkje er der

Utgitt av Samlaget 2010ISBN 9788252176407
Innbundet

Antall sider: 133
Nivå:  Barn (12-16 år)

Kaldhol, Marit: Søkeord: Ayotzintli

60.00 kr
249.00 kr