Sunne, Linn T. : Happy


Linn T. Sunne :
Happy

VINNAR AV BRAGEPRISEN 2007, NOMINERT TIL ARKS BARNEBOKPRIS 2007

Mo har kome flyttande til den nye staden saman med faren, som har fått jobb i kommunen. Vi møter Mo på første skuledagen i åttande klasse, og ser korleis ho taklar alle dei nyfikne spørsmåla frå lærar og elevar.

Ho er godt førebudd og fortel villig vekk – ikkje minst om den fråverande mora som er motefotograf i New York. Heime har Mo og faren ein kameratsleg og optimistisk tone seg imellom, men lesaren anar uråd, og gradvis slår det vellykka biletet sprekker. På skulen gjennomskodar medelevane etter kvart Mos versjon av familiehistoria, ho blir avslørt og utstøytt og må starte frå botnen av …

Alt frå første bok har denne forfattaren vist stor innlevingsevne i barn og unges tankar og kjensler. Ho skriv lett og fengjande og får lesarane med seg, og med denne boka når ho enda lenger enn før.

Utgitt av Samlaget 2007
ISBN 9788281570156
Heftet
Antall sider: 83

Sunne, Linn T. : Happy

50.00 kr